Knarvikmila

Knarvikmila er eit kulturarrangement som vert arrangert i september kvart år i Knarvik i Alver kommune. Det er mellom anna eit av dei største løpsarrangementa i Noreg. Dei siste åra har det delteke over 7000 på dei ulike løpa.

Knarvikmila vart først stelt til i 1982 av Helge Brekke i friidrettslaget FIL-AKS77, som også er arrangørklubb. Arrangementet går over fleire dagar og omfattar både konferanse, barneløp, ungdomsløp, naturløype og asfaltløpa som går over 5 km, 10 km og halvmaraton.

BakgrunnsstoffEndra