Knarvik er ein tettstad og administrasjonssenter i Alver kommune, og fungerer som regionsenter for Nordhordland. Tettstaden har 5 721 innbyggjarar per 1. januar 2017. Postadressa til Knarvik er Isdalstø, som ligg kring 2 kilometer frå Knarvik.

Knarvik
tettstad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Alver
Areal 3,38 km²
Folketal 5 721 (2017)
Folketettleik 1 693 / km²
Postnummer 5914 ISDALSTØ
Innbyggjarnamn Knarviking
Kart
Knarvik
60°32′45″ N 5°17′2″ E

Før 1970-talet var her ikkje meir enn kring 30 innbyggjarar, men då Hordaland fylkeskommune avgjorde at Knarvik skulle byggjast opp som regionsenter, skaut utviklinga fart. Knarvik Senter vart i løpet av få år eitt av dei største kjøpesentera i landet. Kommuneadministrasjonen vart flytta til Knarvik frå Lindås, som ligg nord i kommunen.

Bustadutbygging, skuleutbygging og auka næringsverksemd førte til at Knarvik vart den største tettstaden i Nordhordland i løpet av 1980-talet. Fram til opninga av Nordhordlandsbrua i 1994 var ferjesambandet som batt saman Nordhordland med Bergen, Knarvik-Steinestø, det mest trafikkerte i landet målt i tal på bilar.

I september kvart år vert mosjonsløpet Knarvikmila skipa til.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.