Halvmaraton
Halvmaraton er eit løp på 21.097,5 meter, eller altså halvparten av eit maratonløp. Det blir vanlegvis arrangert som eit landevegsløp. Før 1970-talet var halvmaratonløp sjeldne, men det blir no arrangert mange slike løp, både som halvmaratonklasse samtidig med eit maratonløp, og som eigne halvmaratonløp.
Det har vore ein auke i deltakinga i halvmaratonløp i dei siste åra.[1] Ein vesentleg grunn til dette, er at halvmaraton er ei utfordrande distanse, men krev ikkje det same treningsgrunnlaget som maraton.[1]
Verdsrekord
endreVerdsrekorden for menn er 58:33, sett av Samuel Wanjiru, Kenya, 17. mars 2007, i den Haag, Nederland.
Verdsrekorden for kvinner er 1:06:25, sett av Lornah Kiplagat Nederland, 14. oktober 2007 i Udine, Italia.
Største tal deltakarar i halvmaratonløp
endreDet største halvmaratonløp i verda no skal vere Great North Run, halde på hausten kvart år i Newcastle Upon Tyne i England,[2][3] med venta 52 000 løparar i 2009.
Nesten like stort er Göteborgsvarvet som går i Göteborg i midten av mai kvart år. I 2009 hadde dei 30-årsjubileum, med 53 593 påmelde, 41 019 startande og 40 523 fullførande. Dette var fleire påmelde enn Great North Run hadde i 2008, og Göteborgsvarvet har som mål å bli størst i verda.
Det største nokon gong var Broloppet mellom København og Malmö med 79 719 fullførande, halde i samband med at Øresundbrua vart opna i 2000.[4][5][6]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Hanc, John (July 24, 2008). «Sometimes Half Is Better Than Whole». NY Times. Henta 9. februar 2009.
- ↑ BUPA Great North Run, arkivert frå originalen 16. januar 2013, henta 8. juni 2009
- ↑ BBC SPORT | Athletics | Great North Run on the BBC
- ↑ Bridge Race 2000 Arkivert 2004-11-19 ved Wayback Machine..
- ↑ Broloppet on susning.nu, arkivert frå originalen 15. september 2005, henta 8. juni 2009
- ↑ Broloppstider på nätet - men inga placeringar
Bakgrunnsstoff
endre- The best half-marathon times for men
- The best half-marathon times for women
- HalfMarathons.Net - Directory of half marathons in the USA and around the world
- Norske halvmaratonløp