Opna hovudmenyen

Knud Geelmuyden Fleischer Maartmann (1. august 182112. mai 1888) var ein norsk handelsmann og vrakar frå Bergen, stortingsmann 1865-69 frå Flekkefjord.

Knud Maartmann
Fødd 1. august 1821
Bergen
Død

12. mai 1888

Yrke politikar, kjøpmann

Maartmann var son til ein kjøpmann i Bergen. Han byrja i 1837 å arbeide som handelsbetjent i Flekkefjord, der han sidan 1847 dreiv handel. Seinare var han agent, overmålar og vrakar i Sørlands-byen. Han var i fleire år medlem i bystyret og styreleiar i sparebanken. Både i 1865-66 og 1868-69 var han Flekkefjord sin representant på Stortinget. Han var i 1865-66 medlem i Tollkomiteen og 1868-69 i Militærkomiteen.

KjelderEndra