Knut Erik Tranøy
Knut Erik Tranøy (10. desember 1918–19. mars 2012) var ein norsk filosof frå Oslo.
Knut Erik Tranøy | |||
Fødd | 10. desember 1918 Oslo | ||
---|---|---|---|
Død | 19. mars 2012 | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | filosof | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo Universitetet i Bergen | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Foreldra til Tranøy var skulefolk. Sjølv vart han cand.mag. i 1943 og tok doktorgraden i filosofi ved University of Cambridge ti år seinare. Frå 1957 var han dosent i filosofi ved Universitetet i Oslo, deretter professor i filosofi ved Universitetet i Bergen i tida 1959-78. Sidan hadde han same stilling ved Universitetet i Oslo, til han i 1986 tok til som professor i medisinsk etikk ved Det medisinske fakultet i same byen.
Tranøy arbeidde i hovudsak på tre felt av filosofien: etikk, mellomalderfilosofi og vitskapsfilosofi. Mellom hans hovudverk kan reknast Det åpne sinn: moral og etikk mot et nytt årtusen frå 1998, og Vitenskapen – samfunnsmakt og livsform som kom ut i 1986.
Han vart i 2002 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olav.
Kjelder
endre- «Knut Erik Tranøy» i Store norske leksikon