Knut Hermundstad
Knut Hermundstad (20. mai 1888–20. april 1976) var ein norsk folkehøgskulelærar, folkeminnesamlar, statsstipendiat og kulturarbeidar frå Valdres.
Knut Hermundstad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. mai 1888 |
Død |
20. april 1976 (87 år) |
Hermundstad var fødd i enkle kår, som eldste sonen av grendeskreiar Håvard Knutsson Hermundstad, gjekk på Helgheim folkehøgskule i Sogndal kommune (1907–08) og tok lærarskule på Hamar 1908-11. Den fyrste lærarstillinga hans var i Etnedal kommune, og deretter ved framhaldsskulen i Øystre Slidre kommune 1915-1917. Etter det vart han lærar ved Valdres folkehøgskule 1917-1953, inntil han i ein alder av 65 vart statsstipendiat og kunne samla seg om kulturminnearbeid og folkeminnesamling på heiltid.
Hermundstad var formann i Valdres bygdeboknemnd 1949-68 og redaktør for 5 bind av bygdeboka. Vidare var han formann i styret for Valdres Folkemuseum, medlem av styret for Valdres Historielag frå 1932 til han døydde (leiar 1945-51). Her leidde han årbokredaksjonen 1933-1942. Han leidde avhaldslosjen Ungskogen 1920-27 og var fylkesleiar i Det Norske Totalavholdsselskap 1927, 1929 og 1930.
Som folkeminnesamlar debuterte han med «Gjætarliv i Valdres i gamal tid» i Tidsskrift for Valdres Historielag 1933. Boka Gamletidi talar vart gjeven ut av Norsk Folkeminnelag i 1936 som det fyrste av i alt 8 bind med Gamal Valdreskultur.
Han vart nemnt ut til statsstipendiat i 1954, fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1961, Norsk kulturråds pris for lokalhistorie i 1973, pris frå Nansenfondet, Asbjørn Klostermedaljen for avhaldsarbeidet og var æresmedlem i fleire organisasjonar.
Litteratur
endreAv Hermundstad
endre- Gamletidi talar. Gamal valdreskultur, 1. 1936
- «Valdresnaturen» I: Den norske turistforenings årbok 1939
- Bondeliv : Samrødor og song etter Ragndi Moen. Gamal Valdres-kultur, 2. 1940
- Litt kyrkjesoga frå Vang i Valdres. 1942 (Særtrykk fra Tidsskrift for Valdres Historielag 1940 og 1941)
- I manns minne. Gamal Valdres-kultur, 3. 1944
- Ættararv. Gamal Valdres-kultur, 4. 1950
- Ættarminne. Gamal Valdres-kultur, 5. 1952
- Valdres folkemuseum i 50 år. 1953
- Valdres handelssoga : Med bilete : 60-års jubileumsskrift for Valdres handelsstands forening : 1892-1952. 1953 (= Valdres bygdebok, bd 4)
- I kveldseta. Gamal Valdres-kultur, 6. 1955
- Kvorvne tider : Gamal Valdres-kultur, 7. 1961
- Valdres bygdebok, bd 5, del 1. 1964 (Hermundstad skreiv stoffet om jakt, fiske, reiseliv, handverk)
- Øye stavkyrkje. 1965
- Valdres bygdebok, bd 5, del 2. 1965 (Hermundstad skreiv stoffet om stølsbruk og industri)
- St Tomaskyrkja på Fillefjell. 1966
- Truer om villdyr, fangst og fiske. Gamal Valdres-kultur, 8. 1967
- Høre stavkyrkje, bygd ikr. 1180. 1968
- Vang stavkyrkje, truleg bygd ikr. 1175. 1969
- Valdres bygdebok, bd 6. 1969 (Hermundstad skreiv stoffet om folkemusikk, misjonsforeninger og dissentere)
- Villreinsjakt i Sør-Jotunheimen 1864-1899. 1972
- Samversskikkar i Valdres. 1975
- Dertil ei rekkje artiklar i Tidsskrift for Valdres Historielag, i Jul i Valdres, i Valdres folkehøgskules blad Vårvon, avisa Valdres og andre stader.
Om Hermundstad
endre- Festskrift til Knut Hermundstad = Tidsskrift for Valdres Historielag 1958
- Minneskrift om Knut Hermundstad = Tidsskrift for Valdres Historielag 1977
- «Kva Hermundstad skreiv, eit bibliografisk riss» I: Tidsskrift for Valdres Historielag 1977
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Knut Hermundstad» frå Wikipedia på bokmål, den 21. september 2012.