Knut Hjeltnes
Knut Hjeltnes (8. desember 1951–17. januar 2024) var ein norsk diskoskastar og kulestøytar. På slutten av 1970-åra og byrjinga av 1980-åra var han ein av dei beste norske mannlege friidrettsutøvarane. Han vann dei fleste noregsmeisterskapane i kule og diskos i den perioden. Sjølv om han høyrde til verdseliten i diskos i fleire år tok han aldri medalje i internasjonale meisterskap. Hjeltnes er ein av til saman berre sju nordmenn som har delteke i ein verdscupfinale i friidrett. I 1979 deltok han i diskoskast og vart nummer 4. I 1977 testa han positivt for doping og var utestengt frå idretten i eit år.[1]
Knut Hjeltnes | |
Knut Hjeltnes ca.1981-1982 Foto: Jarle Vines
| |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. desember 1951 Ulvik |
Død |
17. januar 2024 (72 år) |
Yrke | diskoskaster, kulestøter |
Språk | norsk |
Høgd | 192 centimeter |
Knut Hjeltnes på Commons |
Han sette norsk rekord i diskos med 69,62 i 1985 og den rekorden står enno i 2014.[2] Hjeltnes representerte IL Gular, tidlegare hadde han vore medlem i IL Øystese og BUL-Oslo.
Dopingsak
endreSommaren 1977 vart Knut Hjeltnes som første nordmann teken for dopingbruk, og han vart utestengd frå all idrett i eitt år.[1] Hjeltnes vedgjekk at han hadde brukt anabole steroid.[1] Ein norsk rekord i kule og to i diskos, som han hadde sett i perioden mellom prøven vart teken og kunngjeringa av prøveresultatet, vart strokne.[1]
Merittar
endre- NM 1975 – Gull i diskos og kule
- NM 1976 – Gull i diskos og kule, bronse i spyd
- OL 1976 – 7. plass i diskos
- NM 1978 – Gull i kule
- EM 1978 – 5. plass i diskos
- Verdscupfinalen 1979 – 4. plass i diskos
- NM 1979 – Gull i diskos og kule, kongepokal
- NM 1980 – Gull i diskos og kule, kongepokal
- NM 1981 – Gull i diskos og kule, kongepokal
- NM 1982 – Gull i diskos og kule
- NM 1983 – Gull i diskos og kule
- NM 1984 – Gull i diskos og kule, kongepokal
- OL 1984 – 4. plass i diskos
- NM 1986 – Gull i diskos, kongepokal
- EM 1986 – 4. plass i diskos
- NM 1988 – Gull i diskos
- OL 1988 – 7. plass i diskos
- NM 1989 – Gull i diskos
- Gjeldande norsk rekord i diskos med 69,62 meter.
Kjelder
endre- Denne artikkelen er henta frå Wikipedia på bokmål 26. september 2006.
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Rolf Bryhn og Knut Are Tvedt, red. (1990). «Hjeltnes, Knut». Kunnskapsforlagets idrettsleksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 134.
- ↑ «Norske rekorder for Menn Senior pr. 1.1.2011». Norges friidrettsforbund. Henta 31. mars 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- Jan Hedenstad (1979). Dopet. Oslo: Gyldendal.
- Nettsidene til Norges Fri-idrettsforbund
- Rolf Bryhn og Knut Are Tvedt, red. (1990). «Hjeltnes, Knut». Kunnskapsforlagets idrettsleksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 134.