Knut Ludvigson Sandal (20. januar 191327. januar 1964) var ein hardingfelespelemann frå Støfring i Jølster kommune i Sogn og Fjordane.

Knut L. Sandal
Fødd20. januar 1913
Død27. januar 1964 (51 år)
Verka sommusikar

Bakgrunn endre

Knut Ludvigson Sandal vart fødd på Støfring i Jølster i Sunnfjord, og voks opp i ein søskenflokk på tre. Far var Ludvig Sandal (1885-1962) frå Sandal, og mor var Marthea Andreasdotter (f. Støfring, 1893-1963), begge frå Jølster.

Dei første leveåra budde Knut på morsgarden på Støfring medan faren var i Amerika. Seinare flytta familien til Strand, Jølster.

Etter andre verdskrigen flytta Knut L. Sandal til Bergen der han tok arbeid som stein- og vegarbeidar. Han budde i Bergen resten av livet. Somrane og feriane elles var han stort sett heime på Jølster, der han hjelpte til med arbeidet heime på garden og besøkte vener. På Jølster vart det mykje speling, og ofte kom han saman med lokale spelemenn og søskenbarnet Erling Sandal (1922-2004), som også var spelemann.

Knut L. Sandal var ugift.

Opplæring/tradisjon endre

Knut L. Sandal synte tidleg god gjevnad for musikk, og felespel fekk han lære av faren Ludvig og farbroren Nikolai Sandal (1883-1971). Også farbrørne Anders (1878-1958) og Kristian (1890-1982) spelte fele. Knut L. Sandal voks altså opp i ei stor spelemannsslekt der både bestefar, far, onklar og søskenbarn spelte fele. Om Knut blir det sagt at han hadde ei uvanleg evne til å harmonisere og lage stemmer til slåttar, gjerne også til slike han ikkje hadde høyrt før.

Knut L. Sandal har spelt i ei mengd med bryllaup og andre tilstellingar. Men han likte ikkje å delta på kappleikar, fordi han meinte nervepress vart for stort.

Musikalsk ettermæle endre

Så langt ein kjenner til finst det berre opptak av sju slåttar spelt av Knut L. Sandal. Opptaka vart gjort 27. juni 1954 av spelemannen, kulturhistorikaren og folkemusikksamlaren Arne Bjørndal i Bergen. Desse sju slåttane finn ein mellom anna hjå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, og det er dei same opptaka som ein finn på utgjevinga Hardingfelespel frå Sunnfjord. Knut L. Sandal sitt repertoar var eldre tradisjonelle slåttar frå Jølster; springar og brureslåttar på ulike felestille. Men enno finst det folk som hugsar at han spelte både runddans og kjende slåttar frå andre landsluter.

Gro Marie Svidal og Erlend Apneseth, som båe er spelemenn frå Jølster har gjort innspelingar av slåtten Brureslått etter Knut L. Sandal (Apneseth på utgjevinga Jølster 2012, og Svidal på Hardingfele).

Diskografi endre

  • Hardingfelespel frå Sunnfjord (Nils Furnes, Johannes Holsen og Knut Sandal) (ta:lik, 2005)

Bakgrunnsstoff endre