Arne Bjørndal (11. februar 188211. januar 1965) var ein spelemann, kulturhistorikar og folkemusikksamlar frå Nordhordland.

Arne Bjørndal

Fødd11. februar 1882
FødestadHosanger kommune
Død11. januar 1965 (82 år)
DødsstadBergen
OpphavNoreg
Instrumentfiolin, fele
Verka somfelespelar, komponist, musikkritikar

Arne Bjørndal vart fødd i Hosanger, og voks opp i den hardaste nasjonsbyggingstida fram mot 1905. Han rekna seg som stril, sjølv om han levde største luten av livet i Bergen, ein by han støtt omtala som «den største byen på Strilelandet». Det var òg for vestlandskulturen han la ned det største arbeidet Bjørndal vart ein dugande spelemann, men var og tidleg oppteken av samanhengen og heilskapen i den norske folkekulturen. Han tok tidleg til med innsamling, og dette arbeidet var til å byrja med noko tilfeldig, men han fekk statsstipend for meir djuptpløyande innsamlingsarbeid frå 1911. Dei første åra skreiv han mest ned slåttar frå Vestlandet, men for med tida over fjellet til Telemark, sidan til Valdres, og fekk inngåande kjennskap til folkemusikkstoffet. I følgje med dette arbeidet følgde ei rad med artiklar om spel og speletradisjonar, bygdetradisjonar og anna tilknytt stoff. Med tida kom arbeidet Bjørndal gjorde til å omfatte meir enn berre spelet. Han vart ein sjølvlært folklorist.

Av di Bjørndal var sjølvlært, laut han brøyte seg veg gjennom stoffet utan kjennskap til grunnleggjande vitskapleg metode, sjølv om han tok til seg mykje kunnskap frå andre forskarar, mellom dei Rikard Berge, som han kjende på seg hadde mykje sams med han sjølv. Fordelen Bjørndal hadde, var at han, på same vis som Berge, kjende bygdekulturen innanfrå, og hadde førstehands kjennskap til stoffet.

Alt under første verdskrigen tok Arne Bjørndal til å gje ut hefte med trykte slåttenedskrifter, som vart spreidde vidt ikring. Desse hefta gav inspirasjon til andre spelemenn med utsyn nok til å skjøne kva samlarverk kunne tyde for tradisjonen, til dømes Truls Ørpen frå Krødsherad, som lærde slåttenedskrift frå Bjørndal sine notar, og tok til å samle sjølv.

Arne Bjørndal gav med tida ut ei rekkje bøker, først den store biografien om Ola Mosafinn, som han møtte fleire vender. Seinare gav han ut eit storverk om Ole Bull og tilhøva til norsk folkemusikk. Han skreiv eit verk om hardingfela, som framleis er rekna som grunnforsking på feltet, og ikkje minst den folkemusikkhistoriske framstillinga Og fela ho let, skrive i samarbeid med Brynjulf Alver.

Arne Bjørndal skreiv og heldt ei rekkje foredrag for folkemusikksendinga i NRK, og spela inn ei rekkje nummer for arkivet der. Spelestilen hans er vestlandsk og særeigen.

Då standardverket Norsk folkemusikk skulle redigerast frå 1954 og frametter, vart Arne Bjørndal ein sjølvskriven medarbeidar. Han tok sjølv opp saka, og samarbeidde med Truls Ørpen og Eivind Groven til han døydde i 1965.

Han såg korleis folkemusikken fylgde livet frå vogga til grav, frå venaste barnesull til sorgsame gravferdssalme og groteske likvokeslått. Alt samkomeliv var vigsla av folketonar - og einsemda skapte sine. Å fanga inn alt dette livsens mangfelde, var som å stira i eit botnlaust hav. Det heile fletta seg saman med alt som kom inn under umgripet folkekunst: treskurd, byggjestil, kledebunad, vevnad, rosemåling m. m. Dette var soga. Dette var kultur. (Conrad Clausen i høve hundreårsminnet for Vestmannalaget).