Knut Sigurdson Vikør (fødd 10. juni 1952) er ein norsk historikar og professor. Han var dagleg leiar for Senter for Midtausten- og islamske studiar ved Universitetet i Bergen frå 1988 og fram til 2002, då han fekk permisjon for å vikariere som førsteamanuensis ved Historisk institutt ved same universitet. I 2005 vart han fast tilsett som førsteamanuensis ved instituttet. Han har markert seg som den kanskje den fremste eksperten i Noreg på historia til islam, og har forutan dei akademiske avhandlingane, skrive fleire bøker retta mot eit generelt publikum.

Knut S. Vikør
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. juni 1952 (71 år)
Orkdal kommune
Yrke historikar, universitetslærar

Han fullførte hovedfag i historie og vart Cand. polit. under professor Rex Sean O'Fahey rettleiing i 1979. Han vart Dr. philos. ved Universitetet i Bergen i 1992.

Bibliografi endre

  • Ei verd bygd på Islam, 2004,
  • Sufi and Scholar on the Desert Edge. Muhammad b. 'Ali al-Sanusi and hi sine Brotherhood., 1995
  • The Oasis of Salt. The History of Kawar, a Saharan Centre of Salt Production. 1999
  • Sources for Sanusi Studie sin., 1996
  • The Exoteric Ahmad Ibn Idris. A Sufi' Critique of the Madhahib and the Wahhabis: Four Arabic texts with translation and commentary , 2000
  • Islam: ei faktabok, 2002
  • Between God and the Sultan: A History of Islamic Law., 2005

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre