Knut Westad
Knut Westad (16. juli 1955–29. mars 2017)[1] var ein norsk kunstnar, teikneserieteiknar og illustratør.
Knut Westad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. juli 1955 Hamar kommune |
Død |
29. mars 2017 (61 år) |
Yrke | illustratør, teikneserieskapar |
Westad var spesielt kjend for arbeidet sitt med teikneserien Fantomet. På 1980-talet var han blant dei mest iherdige leverandørane av forsideillustrasjonar til bladet. Etter kvart byrja han òg å levera hovudforteljingar til Fantomet, som den fyrste norske kunstnaren i staben til serien. På slutten av 1980-talet produserte han serien Tåkehauk for Bellona-magasin, kor han fekk vist andre sider av talentet sitt.
Etter lengre tids sjukdom, der han mellom anna mista førleiken i høgrehanda, trente han seg opp til å teikna med venstrehanda. I 1998 og 2001 publiserte Thule forlag fyrste og andre bind i serien Tigalo, der Westad både teikna og skreiv manus. Tigalo var opphavleg planlagt som ein trilogi, men det tredje bindet kom aldri.
Westad var òg teiknaren til dei nye utgjevingane i serien Ingeniør Knut Berg på eventyr frå 2007 til 2009, som hadde manus av Jon Bing og Tor Åge Bringsværd.
Referansar
endre- ↑ «Informasjon Knut Westad» (på norsk). Bøe begravelsesbyrå. Henta 28. april 2017.