Knutepunktfestival
Ein knutepunktfestival er ein leiande festival innanfor sitt område i Noreg. Knutepunktstatusen gir garanti for statlege overføringar til knutepunktinstitusjonen over statsbudsjettet. Det er ein føresetnad at knutepunktfestivalane hjelper mindre festivalar innanfor deira knutepunktområde med erfaring frå festivaldrift.
Det er i 2014 tolv norske knutepunktinstitusjonar innanfor området musikk:[1]
- Festspillene i Bergen, profil: Festspill for musikk og scenekunst
- Festspillene i Nord-Norge, profil: Festspill for musikk, scenekunst og billedkunst
- Olavsfestdagene i Trondheim, profil: Kirkemusikk mm
- Molde International Jazz Festival, profil: Jazz
- Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, profil: folkemusikk
- ULTIMA Oslo Contemporary Music Festival, profil: Samtidsmusikk
- Festspillene i Elverum, profil: Festspill i samarbeid med "Ungdomssymfonikerne"
- Notodden Blues Festival, profil: blues
- Øyafestivalen, profil: Rock
- Melafestivalen, profil: Multikulturell kunst og kultur
- Riddu Riđđu Festivála, profil: Urfolks kunst og kultur
- Norsk Country Treff, profil: country
I tillegg er desse festivalane knutepunktinstitusjonar med fokus på andre kulturuttrykk:
- Peer Gynt-stemnet, profil: Scenekunst
- Norsk Litteraturfestival – Sigrid Undset-dagene, profil: Litteratur
Referansar
endre- ↑ «NOU 2013:4 Kulturutredningen 2014». Henta 27. mai 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Knutepunktfestival» frå Wikipedia på bokmål, den 27. mai 2014.