Førde Internasjonale Folkemusikkfestival
Førde Internasjonale Folkemusikkfestival eller Førdefestivalen er ein årleg festival i Førde i Sogn og Fjordane der temaet er internasjonal folkemusikk og verdsmusikk. H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit er festivalen sin høge beskyttar.
Arrangement
endreFørde Internasjonale Folkemusikkfestival blei arrangert for første gong i 1990. Festivalen føregår kvart år frå torsdag til søndag i veke 27, og har sidan 2005 hatt status som knutepunktfestival.
Festivalen sin hovudarena er Førdehuset, der festivalen tek i bruk både idrettshall, kinosal, teatersal, festsal og foaje for sine konsertar. I tillegg vert det arrangert konsertar på Rica Sunnfjord Hotel & Spa, i Førde Kyrkje og på Festplassen ved Jølstra. Det er også konsertar utanfor Førde, til dømes på Jølstramuseet på Vassenden, Rytne Gard i Bygstad og Klokkargarden i Dale i Sunnfjord.
Artistar
endreFørdefestivalen er det største fleirkulturelle arrangementet i Noreg, og den største festivalen for folkemusikk og verdsmusikk i Skandinavia. Kvart år presenterer festivalen rundt 250 artistar frå 25 land. Føremålet for festivalen er å fremje norsk og internasjonal tradisjonsmusikk/folkemusikk/verdsmusikk.
Dei fire dagane festivalen varer, vert det presentert mellom 80 og 100 arrangement, med rundt 250 profesjonelle musikarar frå meir enn 25 land. Sidan starten i 1990 har over 5000 artistar frå over 100 land stått på scena i Førde.
Internasjonal merksemd
endreKvart år frå 2010 har Førdefestivalen vore på musikktidsskriftet Songlines si liste over dei 25 beste internasjonale verdsmusikk-festivalane i verda. I 2014 kom festivalen også med på den britiske storavisa The Guardian si liste over dei ti beste småbyfestivalane i Europa. I 2015 kom festivalen på National Geographic Travel si topp-sju-liste over dei festivalar dei tilrådde i Europa.
Årlege tema
endreFestivalen har kvart år eit hovudtema:
- 1990: Aust-Europa
- 1991: Urbefolkning og minoritetar
- 1992: Afrikanske røter
- 1993: Sigøynarmusikk
- 1994: Det fjerne Østen
- 1995: Musikk ved Middelhavet
- 1996: Sør for Sahara
- 1997: Latin-Amerika
- 1998: Europeiske minoritetar
- 1999: Musikk ved Svartehavet
- 2000: Den Keltiske Familie
- 2001: Musikk langs Silkevegen
- 2002: Frå fado til flamenco
- 2003: Europeiske stemmer
- 2004: Saludos del Caribe!
- 2005: Klangar frå Det kaspiske hav
- 2006: Brasil! Brasil!!
- 2007: Émotions françaises
- 2008: Dialogue
- 2009: World Voices
- 2010: FRIDOM og undertrykking
- 2011: Women's World
- 2012: Coexistence - Sameksistens
- 2013: Musikk & Natur
- 2014: Lokal - global i 25 år
- 2015: World ConneXions
Stifting
endreFørde Internasjonale Folkemusikkfestival er ei stifting med følgjande medlemer:
Styret
endrePer 26. mai 2014 består styret av:
- Styreleiar: Kristin Hille Valla
- Nestleiar: Ivar Svensøy
- Styremedlemmar: Mari Andrea Ness, Trude Skarvatun, Arild Herstad, Arne M. Sølvberg, Eva Kristin Svidal
- Varamedlemmar: Margunn Masdal, Gabriela Lukassen, Trond Ueland, Magnus Hope, Synnøve Bjørset, Dagfrid Vallestad Brevik.
Tilsette og frivillige
endreFestivalen har 5,6 årsverk. I tillegg til dette legg 350 frivillige ned over 3500 dugnadstimar kvart år for festivalen.
Dei tilsette per 26. mai 2014:
- Direktør: Hilde Bjørkum
- Økonomi- og administrasjonssjef: Lene Grande
- Kommunikasjonssjef: Torill G. Faleide
- Produsent: Ingebjørg Nomeland
- Arrangementssjef: Sølvi Lien
- Kontormedarbeidar/ billettansvarleg: Fride H. Haugen
Bakgrunnsstoff
endre- Vevsidene til Førdefestivalen
- H.K.H. Kronprinsessas beskyttarskap
- Bjørkum, Hilde (2012) Knutepunktordninga – framtidsretta kulturpolitikk? Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine.
- The Songlines guide to the best festivals of 2014. Arkivert 2014-08-29 ved Wayback Machine.
- Førdefestivalen får internasjonal merksemd i jubileumsåret Arkivert 2016-03-09 ved Wayback Machine.