Melafestivalen
59°54′59.999″N 10°45′1.1340″E / 59.91666639°N 10.750315000°E
| |||
Stad | Rådhusplassen | ||
---|---|---|---|
Nettstad | mela.no |
Melafestivalen er ein årleg kunst- og kulturfestival som blir halden i juli eller august kvart år i Oslo. Festivalen omfattar mange ulike kunstformer, som musikk, dans, litteratur og teater. Melafestivalen er gratis og blir arrangert av Stiftelsen Mela på Rådhusplassen i Oslo. Kunstnerisk leiar for Melafestivalen er Khalid Salimi.
Melafestivalen blei arrangert for fyrste gong i 2001, som ein eindags norskpakistansk festival i Vaterlandsparken på Grønland i Oslo. Festivalen fekk knutepunktstatus i 2008.[1] I 2010 hadde festivalen rundt 300 000 tilskodarar i løpet av dei tre dagane han var i gang.[2]
Kjelder
endre- ↑ Gjersøe, Jørn (17. august 2007). «Mela blir knutepunktfestival». NRK (på norsk bokmål). Henta 20. mai 2022.
- ↑ Svein Andersen «Verdensstjerner til Oslo» «Arkivert kopi». 30. juni 2010. Arkivert frå originalen 22. juli 2010. Henta 28. november 2011. Aftenpisten Oslo Puls. Vitja 28.11.2011
- Denne artikkelen bygger på «Melafestivalen» frå Wikipedia på bokmål, den 19. juni 2022.