Kohkiluyeh og Buyer Ahmad

Kohkiluyeh og Buyer Ahmad (farsi استان کهگیلویه و بویراحمد, Ostān-e Kohgīrūye-o Būyer-Ahmad) er ein av 31 provinsar i Iran. Han ligg sørvest i landet, i Region 2,[2] med provinshovudstad i Yasuj. Provinsen har ei flatevidd på 15 563 kvadratkilometer, og i 2006 hadde han 634 000 innbyggjarar. I 2011 var folketalet akuak til nær 660 000 innbyggjarar.[1] Majoriteten av innbyggjarane talar lurisk.

Kohkiluyeh og Buyer Ahmad
استان کهگیلویه و بویراحمد
Provins
Counties of Kohgiluyeh and Boyer-Ahmad Province - 2.png
Land Flag of Iran.svg Iran
Region Region 2
Fylke 5
Hovudstad Yasuj
Areal 15 504 km²
Folketal 658 629 (2011) [1]
Folketettleik 42 / km²
Tidssone IRST (UTC+03:30)
 - Sommartid IRST (UTC+04:30)
Språk Offisielt persisk
Majoritet: lurisk

Kohkiluyeh og Buyer Ahmad
30°40′ N 51°36′ E
Wikimedia Commons: Kohgiluyeh and Boyer-Ahmad Province
Dena-fjella sett frå sørvest.

Provisen er fjellendt og ein del av Zagrosfjella. Det høgastepunktet er Dena med ei høgd på 5 109 moh.

KjelderEndra