Kohnen-stasjonen er ein tysk stasjon i Antarktis, som om sommaren vert nytta av opp til 20 personar. Han er kalla opp etter geofysikaren Heinz Kohnen (1938–1997), som i lang tid arbeidde ved Alfred Wegener Institute.

Kohnen-stasjonen
stasjon
KohnenStation.JPG
Kohnen-stasjonen
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Dronning Maud Land
 - koordinatar 75°0′S 0°4′E
Administrert under Antarktistraktaten

Kohnen-stasjonen
75°0′0″ S 0°4′0″ E
Kohnen-stasjonen is located in Antarktis
Kohnen-stasjonen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Kohnen Station

Stasjonen opna den 11. januar 2001 i Dronning Maud Land. Stasjonen ligg 75°00'S, 00°04'E, og 2892 moh. Han ligg 757 km søraust for Neumayer-stasjon III, som ligg på Ekströmisen og hjelper med logistikk og administrasjon for Kohnen-stasjonen. SOm med den britiske Halley V-stasjonen, er basen bygd på stålbein som gjer at stasjonen kan jekkast opp etter kvart som snømengda på overflata aukar.

Stasjonen består av eit radiorom, ei messe, eit kjøken, bad, to soverom, ein smøsmeltar, eit lager, ein verkstad og eit kraftverk (100 kW). Han får forsyningar får ein konvoi på seks kjøretøy, som kan ta 20 tonn kvar, og 17 sledar. Basen får nye forsyningar to gonger i året, med opp til seks sledetog om gongen. Denne reisae tar 9-14 dagar.[1]

Kohnen-stasjon er logistikkbase for iskjerneboring i Dronning Maud Land, det europeiske prosjektet for iskjernar i Antarktis (EPICA). Ein kjerne vart òg bort ved Kohnen-stasjonen.[2]

KjelderEndra

  1. «Drilling into the past - The Kohnen Station i Antarktis». Alfred Wegener Institute for Polar and Marine Research (AWI). Henta 9. mars 2014. 
  2. Thomas Stocker. «Europaan Project for Ice Coring in Antarctica (EPICA)». Europaan Science Foundation. 

BakgrunnsstoffEndra