Kokaburra

samnemning for fuglar i dei biologiske slektene Lacedo, Dacelo og Clytoceyx

Kokaburra, òg kalla latterfugl, er ei samnemning for fuglar i tre biologiske slekter i isfuglfamilien. Slektene er Lacedo, Dacelo og Clytoceyx. Dette er store, kraftige isfuglar med utbreiing i hovudsak i Australia og på Ny-Guinea; éin art, blåhettekokaburra, finst i Søraust-Asia. Som andre isfuglar er dei vent farga. Den mest kjente kokaburraen er latterkokaburra, Dacelo novaeguinea, som har fått namnet fordi lætet liknar hysterisk menneskelatter. Han er aggressiv, og blant dei best kjende fuglane i Australia.

Larmekokaburra, Dacelo leachii
Foto: Adrian Pingstone

Ordet kokaburra (på dagens engelsk kookaburra) stammar frå aboriginarspråket wiradhuri (wiradjuri) eller nærskylde språk. På wiradhuri viser ordet til latterkokaburra og har forma guguburra.[1]

Artslista endre

Kokaburraer i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. «kookaburra», Australian Oxford Dictionary, Oxford University Press, 2004 
  2. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (september 2012), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2012 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)