Opna hovudmenyen
Kokosmjølk i ei skål.

Kokosmjølk er ei kvit væske som kjem ut frå det raspa kjøtet i ei mogen kokosnøtt.[1] Væska skil seg frå kokosnøttvatn ved å vera tjukkare og meir mjølkeaktig. Fargen og smaken på væska kjem frå det høge kokosoljeinnhaldet, som hovudsakleg er metta feitt. Kokosmjølk er ein viktig ingrediens i søraustasiatisk, karibisk og nordleg søramerikansk matlaging. Ho kan brukast både i matrettar og drikkar.

Ein kan bruka kokosmjølk til å laga ulike supper, gryte- og risrettar, som kokosnøttris (nasi lemak i Malaysia, nasi uduk i Indonesia). Ho kan brukast til krydra mat, som laksa, laing og ulike karrirettar, og til søt mat som espasol, halo-halo, pamonha og titoté.

Væska blir brukt i fleire tradisjonelle drikkar, som søraustasiatisk cendol av kald kokosmjølk og grøn gelé laga av rismjøl, og varme drikkar som bandrek og bajiguar frå Indonesia. Cocktailen piña colada inneheld ofte kokosmjølk. Kokosmjølk kan også brukast som ei vegansk mjølkeerstatting i te, kaffi og til baking.

KjelderEndra

  1. «Coconut milk» (PDF). Philippine Coconut Authority. 2014. Henta 22. september 2016. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Kokosmjølk