Kolbjørn Gåsvær
Kolbjørn Gåsvær (fødd 1. februar 1926 på Jøa, død 30. juni 2012 på Jøa) var ein norsk lærar, Duun-formidlar og kulturarbeidar.
Kolbjørn Gåsvær | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. februar 1926, 1926 Jøa |
Død |
30. juni 2012, 2012 (86 år) |
Yrke | politikar, lærar |
Politisk parti | Venstre |
Gåsvær var fødd på Jøa i Fosnes kommune, Nord-Trøndelag. Han var utdanna lærar frå Levanger lærerskole (1950), og studerte seinare ved Universitetet i Trondheim og Danmarks lærerhøjskole, København. Han arbeidde som lærar i over 40 år, i Salsnes, Lesja, Namsos og Jøa.
Han var redaktør for Årbok for Namdalen i tolv år. Som lærar og sambygding arbeidde han mykje med å formidle Olav Duun si dikting. Han var med på å starte Olav Duun-stiftinga i Namdalen i 1996, og var redaktør av medlemsbladet. For allsidig kulturarbeid, med vekt på innsatsen for Duun, vart han tildelt Naumdøla Mållags målpris, Nord-Trøndelag fylkes kulturpris og Fosnes kommunes kulturpris.
Kolbjørn Gåsvær har skrive kronikkar, dikt og anna til ulike aviser og tidsskrift. Han var konsulent for TV-serien Medmenneske, har skrive teaterstykket Overhallsrevolusjonen for Overhalla historielag og vore skodespelar i Trygve Hoffs Herlaugsspel på Leka i fem år. Han var òg fylkestingsrepresentant i tolv år.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kolbjørn Gåsvær» frå Wikipedia på bokmål, den 22. mai 2013.
som oppgjev desse kjeldene:
- En vandring i Olav Duuns rike : Olav Duun: "Landet i eventyret". Utgitt av Nord-Trøndelag fylkeskommune, 1996. 19 s. (Òg på engelsk og tysk)
- Gjetarliv : 70 gamle gjetarar fortel. Jøa, 1996. 56 s.
- Hilderøya og Øyværet, Olav Duun og Gjæslingan. Jøa, 1999. 43 s.
- Norart 17 artiklar frå Årbok for Namdalen
- Minneord i Trønder-Avisa 4. juli 2012