Kollektiv bruk av eintal

Kollektiv bruk av eintal er når ei samling av einsarta ting eller individ vert sedd på under eitt og difor avmerkt med eintalsform av substantivet. Kollektiv bruk av eintal finst særleg ved teljing, t.d. 10 fot, 100 mann, 20 mil, to sneis, fem prosent, men òg elles, t.d. «Det finst ikkje orm på New Zealand».

Ei særskild kollektivform har ein i ordet høns. På dansk finst slike særskilde kollektivformer ved fleire ord.

Kjelder endre