Opna hovudmenyen

Olav Toreson Beito (30. mars 190128. september 1989) var ein norsk professor og språkforskar.

Olav T. Beito
Fødd30. mars 1901
Øystre Slidre
Død28. september 1989
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkespråkforskar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Olav T. Beito vart fødd i Øystre Slidre med foreldra Marit Engebretsdotter og Tore Andersson Beito.[1]. I 1923 tok han eksamen artium ved Voss offentlege landsgymnas. Han vart cand.philol. i 1932 og dr.philos. i 1942 på avhandlinga R-bøygning. Etterrøknader i norsk formlære.

Beito arbeidde i Norsk Ordbok i 1943–45 og 1953–57. Han vart dosent i nordisk ved Universitetet i Oslo i 1957 og professor i nordisk målvitskap 1959–71. Samtidig var han styrar for Norsk målførearkiv. Avhandlinga Genusskifte i nynorsk var eit pionerverk innanfor arbeidet med genus i norsk, også i seinare grammatikalske verk kjem Beito attende til dette temaet. Beitos Nynorsk grammatikk : Lyd og ordlære som kom i 1970, var den mest omfattande grammatikken etter Ivar Aasens Norsk Grammatik.

Beito var medlem av Norsk språknemnd 1957–72 og av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1951.

Olav T. Beito døydde i Oslo.

Bibliografi:Endra

(Utdrag)

  • R-bøygning. Etterrøknader i norsk formlære (1942)
  • Norske sæternamn (1949)
  • Genusskifte i nynorsk DNVA Skr. II 1954 nr. 1 (1954)
  • Nynorsk målgransking (1960)
  • Norske målføretekster (1963)
  • Nynorsk grammatikk. Lyd og ordlære. (1970); ny utgåve 1986
  • Gammal årgang (1972) Diktsamling utgjeven under psevdonymet Ola Øyang
  • Frå norsk målføregransking : Utvalde utgreiingar 1908–1969 (saman med I. Hoff, 1973)
  • Artiklar og taler i utval (1979)
  • «Utsyn frå det siste leitet», i Årbok for Valdres 1986

Kjelder:Endra