Kolsvik kraftverk

vannkraftverk i Bindal kommune, Nordland fylke, Noreg

Kolsvik kraftverk er bygd i fjell i 1979 og nyttar fallet på 519 meter frå Øvre Kalvvatn i Bindal kommune.

I tillegg til Øvre Kalvvatn nyttar kraftverket magasina i Ringvatn og Kalvvatn 740. Det vert overført vatn frå øvre delar av Namsenvassdraget og Kaldklavdalsvassdraget til Kalvvatnet. Avløpet frå kraftstasjonen har ein spesiell konstruksjon som sender vatnet ut på stort djup i Tosen for å få god blanding med sjøvatnet.

Kraftverket har ein installert effekt på 2x64 MW og ein middels årsproduksjon på 504 GWh. Anlegget er eigd av Åbjørakraft som er eigd av Helgelandskraft og Nord-Trøndelag Elektrisitetsverk med 50% kvar. Helgelandskraft har driftsansvaret.