Kumlefjorden

(Omdirigert frå Komlefjorden)

Kumlefjorden eller Komlefjorden er ein liten fjord i Kristiansand kommune. Han har innløp ved vestenden av Hundsøyfjorden og strekkjer seg 2,5 km nordvestover. Åløya ligg like aust for innløpet, og litt lenger nord ligg grenda Ålo. Fjorden er om lag delt i to i ein breiare ytre del som er opp mot 400 meter brei, og ein smal indre del som òg vert kalla Tånevikkilen. Innløpet til denne kilen er berre om lag 50 meter breitt, men opnar seg litt opp lenger inne.[1]

Kumlefjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Kristiansand
Kart
Kumlefjorden
58°02′39″N 7°40′10″E / 58.04409389°N 7.669315°E / 58.04409389; 7.669315

Kjelder endre

  1. Komlefjorden på Norgeskart.no fra Statens kartverk
  Denne geografiartikkelen som har med Agder å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.