Kommunar i Italia
Comune (fleirtal comuni) eller kommune i Italia er ein grunnleggande administrativ inndeling av både provinsar og regionar, tilsvarande norske kommunar (men vanlegvis med mindre utstrekking).

- Regionar (svarte grenser)
- Comuni (grå grenser)
Kommunane vert styrt av ein borgarmeister (sindaco) som vert assistert av eit kommunestyre kalla Consiglio Comunale. Rådhuset ligg vanlegvis i ein bygning kalla Municipio eller Palazzo Comunale.
I 2001 var det 8 101 kommunar i Italia. Kommunen Roma er den største både i areal (1 285,30 km²) og folketal (2,5 mill.). Fiera di Primiero i provinsen Trento er den minste med ei flatevidd på berre 0,10 km² og Morterone (provinsen Lecco) har færrast innbyggjarar med 33.
Ein comune består vanlegvis av ein hovudby eller landsby som nesten i alle tilfelle har same namn som kommunen, i tillegg til andre omliggande område kalla frazioni (eintal frazione).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Municipalities of Italy» frå Wikipedia på engelsk, den 16. desember 2007.