Kommunar i Liechtenstein

Fyrstedømet Liechtenstein er delt inn i elleve kommunar (Gemeinden - i eintal Gemeinde) som stort sett består av ein enkelt landsby. Fem av Gemeinden er ein del av valkrinsen Unterland («Det nedre landet»), og resten er i Oberland («Det øvre landet»).

Kommunar i Liechtenstein

TabellEndra

Flagg Postnummer
og namn
Folketal
(31.des. 2005)
Areal
i km²
Landsbyar
Valkrinsen Unterland
  9491 Ruggell 1925 7,4 Ruggell
  9488 Schellenberg 974 3,5 Schellenberg
  9487 Gamprin 1436 6,1 Gamprin
Bendern
  9492 Eschen 4076 10,3 Eschen
Nendeln
  9493 Mauren 3649 7,5 Mauren
Schaanwald
Valkrins Oberland
  9494 Schaan 5811 26,8 Schaan
  9498 Planken 366 5,3 Planken
  9490 Vaduz 5047 17,3 Vaduz
  9497 Triesenberg 2542 29,8 Triesenberg, Masescha, Silum
Gaflei, Steg, Malbun
  9495 Triesen 4643 26,4 Triesen
  9496 Balzers 4436 19,6 Balzers
Mäls
  Liechtenstein 34 905 160,0  
 
Kart over Liechtenstein

Ekslavar og enklavarEndra

Kommunane i Liechtenstein, Gemeinden, har ei komplisert form trass i at dei er små. Sju av kommunane har ein eller fleire ekslavar i tillegg til hovudområdet sitt:

  • Balzers: 2 ekslavar
  • Eschen: 2 ekslavar
  • Gamprin: 1 ekslave
  • Planken: 3 ekslavar, 1 enklave
  • Schaan: 4 ekslavar, 2 enklavar
  • Triesenberg: 1 ekslave (rundt landsbyen Malbun)
  • Vaduz: 5 ekslavar

KjelderEndra