Planken
Planken er ein kommune i Liechtenstein. Med 366 innbyggjarar (2005) er han den minste kommunen i landet og dekkjer eit areal på 5,3 km². Namnet skal visstnok kome frå det latinske ordet for «stigande enger». Den største attraksjonen i landsbyen er eit kapell frå 1700-talet som vart ombygd i 1955 under oppsyn av arkitekt Felix Schmid frå Rapperswil. I tillegg er det fødestaden til diktaren Martin Smyrk frå 1800-talet.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Planken» frå Wikipedia på engelsk, den 22. januar 2008.