Komposten er namnet på komponisthytta til Edvard Grieg. Hytta står i dag i hagen til Hotel UllensvangLofthus i Hardanger. Hytta stod opphavleg på den noko avsidesliggande garden Eidnes på Lofthus, lengst mogleg vekke frå gardshusa, så Grieg kunne vera sikker på å vera i fred til å komponera. Han brukte hytta flittig frå 1877 til 1878, og komponerte fleire verk her. Store delar av suiten Fra Holbergs tid er komponert på Lofthus, dels i denne hytta.

Hytta er i dag eigd av Hotel Ullensvang, og det er gratis å sjå på henne.

Kjelder endre