Edvard Grieg

norsk pianist og komponist

Edvard Hagerup Grieg (15. juni 18434. september 1907) var ein norsk komponist og pianist.

Edvard Grieg

Fødd15. juni 1843
FødestadBergen
Død4. september 1907 (64 år)
DødsstadBergen
FødenamnEdvard Hagerup Grieg
OpphavNoreg
Sjangerklassisk musikk, Sardana
Instrumentpiano
Verka somkomponist, pianist
MorGesine Hagerup
Gift medNina Grieg
Prisarstorkors av St. Olavs Orden

Edvard Grieg var fødd i Bergen, som barn av britisk konsul Alexander Grieg og Gesine Judithe Hagerup. Han vert rekna som den best kjende og viktigaste av alle norske komponistar. Etter oppmoding frå Ole Bull reiste han i 1858 til Leipzig for å læra pianospel og komposisjon. Vidare lærte han hjå Niels Wilhelm Gade i København i 1863. Grieg vert rekna som ein nasjonalromantisk komponist, med den norske folkemusikken som si viktigaste inspirasjonskjelde. Han vert stundom kalla «nordens Chopin», på grunn av sine mange korte pianostykke (samla i Lyriske stykker).

Mange av Grieg sine verk er vortne vidkjende; av dei kan nemnast pianokonsert i a-moll, musikken til Ibsen-stykket Peer Gynt (inkludert «Morgenstemning» og «I Dovregubbens Hall»), Holberg-suiten (opphavleg for piano, men seinare omarbeidd for strykeorkester), og pianostykket «Bryllupsdag på Troldhaugen».

Liv endre

 
Grieg fekk bygd Troldhaugen i Bergen, og budde der frå 1885 til han døydde i 1907.

Edvard Grieg vart fødd i Bergen, som oldebarn av skotten Alexander Greig som hadde etablert seg som handelsmann i byen på midten av 1700-talet. Den første musikkundervisninga fekk han av mor si, Gesine. Då Grieg var rundt 15 år, spelte han nokre av sine eigne stykke på piano ein gong Ole Bull vitja familien. Ole Bull merka seg dei musikalske gåvene til guten, og rådde til at han fekk ta musikkutdanning ved eit konservatorium.

I 1858 reiste han til Leipzig for å studera ved konservatoriet der. Under opphaldet fekk han ein alvorleg lungebetennelse som gav han ein varig skade i eine lungen. Nokre år seinare studerte han i København under den danske komponisten Niels W. Gade. Her vart han òg kjend med Richard Nordraak. I 1866 flytta han attende til Christiania for å overta leiinga av Det Philharmoniske Selskab. 11. juni 1867 gifta han seg med Nina Hagerup, kusina si. Nina var songarinne, og ofte kunne dei opptre i lag ved at han spelte piano og ho song. Grieg hadde òg solokonsertar.

I 1871 var han med på å stifta Musikerforeningen som han var leiar for i fleire år, delvis i lag med Johan Svendsen. I 1874 forlet han Christiania og levde sidan vekselsvis i utlandet, Bergen og Lofthus i Hardanger. 1885 flytta Grieg til Troldhaugen i Bergen og budde der resten av livet. I 1904 mottok han storkrossen av St. Olavs Orden.

Grieg streid med religiøse spørsmål, og tilhøvet til kyrkja vart etter kvart vanskeleg. Han kjende dogmane i ortodoksien som ei tvangstrøye, og pietismen såg han som ei kraft som lamma folkets sunne sans. Under ei vitjing i Birmingham fekk han møte trusfrendar i dei såkalla unitarane. Denne dogmefria trua med sterke menneskelege ideal var i pakt med Grieg sitt livssyn.

Frå 1905 fekk han stadig større problem luftvegane, inntil til han døydde i 1907.

Musikk endre

Grieg er rekna for å vere ein nasjonalromantisk komponist, med den norske folkemusikken som fremste inspirasjonskjelde. Dei mange korte klaverstykka hans gjorde at mange rekna han som «Nordens Chopin».

Songar og romansar endre

Songane og romansane til Grieg skal vere prega av den sterke kjærleiken hans til kona si, songarinna Nina Hagerup Grieg. Ho hadde ei god røyst og ein stor evne til å formidle, og ho fekk mykje å seie for utviklinga av songane han komponerte. Grieg utnyttar uttrykket i menneskerøysta og skapar ein god balanse mellom songaren og akkompagnatøren.

Lyriske stykke endre

Griegs talent for ukompliserte, korte og lettfattelege musikalske idear er tydeleg i hans Lyriske stykker for solo piano. Totalt inneheld dei 66 mindre klaverstykke – fordelt på ti hefte – utgjevne i åra 1867-1901. Blant dei mest verdifulle lyriske stykka er «Troldtog», «Ensom vandrer», «Liten fugl» og «Bryllupsdag på Troldhaugen».

Kjende verk endre

Sjå og verk av Edvard Grieg

Pianokonsert i a-moll endre

Griegs Pianokonsert i a-moll (op. 16), som regel referert til som a-moll-konserten, er den einaste klaverkonserten Grieg fullførte. Det er eit av dei mest kjende verka hans og blant dei mest populære pianokonsertane i verda. Konserten vart skriven i 1868 i Søllerød i Danmark, under ei av dei mange reisene han gjorde dit for å koma til eit varmare klima. Komposisjonen viser tydeleg at Grieg var interessert i norsk folkemusikk. Første gongen konserten vart framført var i København i 1869, og like før han døydde, foretok Grieg somme endringar i konserten.

Peer Gynt endre

I 1874 bestemte Henrik Ibsen seg for å setja opp eposet Peer Gynt i teateret i Christiania. Norsk teatertradisjon på den tida bygde på operetter og musikkspel, og Ibsen forstod at dette stykket trong verkeleg god musikk for å lykkast – og han bad Grieg om å komponera musikken. Den nye produksjonen vart først sett opp 24. februar 1876 i Christiania Theater og vart ein enorm suksess og spela mange kveldar, inntil ein brann øydela settet og kostymane.

For å gje musikken liv uavhengig av Ibsens drama, komponerte Grieg to suitar for konsertoppføring, og desse to – op. 46 og op. 54 – inneheld den mest slagkraftige orkestarmusikken hans.

Truleg er «I Dovregubbens hall» den mest kjende delen av stykket. Andre kjente tema er «Solveigs sang» og «Morgenstemning».

Opus 74 endre

Edvard Grieg avslutta opuslista si på 74 nummer med «Fire salmer for blandet kor og baryton solo». Tre av salmane skreiv han på Troldhaugen sommaren 1906, og den fjerde, Brorsonsalmen « Hva est du dog skjøn », skreiv han ferdig på Hotell Westminster i København same hausten. Denne songen til Sulamith i Høgsongen i Det gamle testamentet, vart den siste komposisjonen hans, og den fekk nummer 1 i salmesamlinga.

Litteratur endre

  • Benestad, Finn/Schjelderup-Ebbe, Dag (1980): Edvard Grieg - mennesket og kunstneren. H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard), Oslo. ISBN 82-03-10239-5
  • Bredal, Dag/Strøm-Olsen, Terje (1992): Edvard Grieg - Musikken er en kampplass. Aventura Forlag A/S, Oslo. ISBN 82-588-0890-7
  • Cederblad, Johanne Grieg (1948): Sangen om Norge - Edvard Grieg og hans samtid. Gyldendal Norsk Forlag, Oslo.
  • Gaukstad, Øystein (1957): Edvard Grieg - Artikler og taler. Gyldendal Norsk Forlag, Oslo.
  • Kortsen, Bjanre (2001): Glimt fra norsk musikkhistorie fra de eldste tider til i dag (Studia musicologica Bergensis, serie a). Editio norvegica, Bergen. ISBN 82 995874 17
  • Johansen, David Monrad (1956): Edvard Grieg. Gyldendal Norsk Forlag, Oslo.
  • Purdy, Claire Lee (1968): Historien om Edvard Grieg (originaltittel: The Story of Edvard Grieg). A/S Forlagshuset, Oslo. ISBN 82-511-0152-2
  • Dahl Jr., Erling (2007): Edvard Grieg - En introduksjon til hans liv og musikk. Vigmostad og Bjørke, Bergen. ISBN 978-82-419-0418-9

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Edvard Grieg
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Edvard Grieg