Konfliktråd er ei statleg teneste som tilbyr mekling som metode for å løyse konfliktar. Tenesta er organisert i 22 regionale konfliktråd.

Konfliktrådet er organisert med ein konfliktrådsleiar og eit nett av lokale meklarar. Meklarane er lekfolk, og kan komme frå alle lag av folket – riktig nok vert det sett krav til vandel.

Konfliktrådet kan mekle både i sivile og offentlege saker. Verksemda er regulert i konliktrådslova. Begge partane må samtykke om ei sak skal kunne handsamast i konfliktrådet. For somme straffesaker kan mekling i konfliktrådet vere eit alternativ til straffeforfølgjing. Avgjerd om overføring av ei straffesak til mekling i konfliktrådet skal ikkje registrerast i bøte- eller strafferegisteret.

Bakgrunnsstoff endre