Konflikt
Konflikt (frå latin confligere, 'støyte saman')[1] viser til fleire kjensler eller hendingar mellom personar eller grupper.
Samfunn
endreKonflikt kan vera samanstøyt eller strid, særleg mellom personar, samfunnsgrupper eller statar kan ha røter til usemje mellom interesser, idear, retningar, kjensler eller liknande. Konfliktar kan uttrykkast med fredelege middel, som debattar, demonstrasjonar og andre protestar, eller bli til ei valdeleg konflikt, til dømes gjennom opptøyar eller krig.
Psykologi
endreKonflikt innan eit menneskesinn er ein tilstand der to eller fleire motstridande ynskje, impulsar eller motiv er til stades på same tid. Langvarige eller sterke uløyselege konfliktar kan vera sterk mentalt tyngjande og medverka til emosjonell uro. Også konfliktar mellom innbyrdes motstridande erfaringar (kognitiv dissonans); mellom korleis ein oppfattar seg sjølv og korleis ein helst vil vera (sjølvbilete/sjølvideal); eller mellom forventningane ulike grupper har til same person (rollekonfliktar), kan ha stor vekt for personen, både i konstruktiv og i negativ retning.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- «konflikt» i Store norske leksikon, snl.no.