Konfrontasjonen ved den norsk-russiske grensa i 1968

Konfrontasjonen ved den norsk-russiske grensa i 1968 under Den kalde krigen starta 7. juni 1968, då 60-70 stridsvogner av typen T-54 rulla fram mot norskegrensa. 40 kanoner og over 400 andre kjøretøy deltok òg.[1]

HendingaEndra

Den 6. og natt til 7. juni 1968 rulla over 60 stridsvogner fram mot den norsk-russiske grensa. Heile 45. motoriserte infanteridivisjon, eit artilleriregiment fra Petrozavodskarméen, ein fallskjermbataljon, eit regiment taktiske rekognoseringsfly, omlag 30 transportfly og eit regiment jagerbombefly deltok i manøveren.[2]

Dei norske soldatane frå Garnisonen i Sør-Varanger (GSV) fekk utlevert skarpe skot og budde seg til væpna samanstøyt. Straks dei russiske stridsvognene kryssa grensa, skulle det opnast eld. Sovjetarméen stansa berre 30 meter frå grensa, skriv Aftenposten.[3]

Soldatane visste kva som gjekk føre seg og var budde. Fleire nytta ventetida til å kvesse bajonettar og knivar, seier Arild Hjerde, som då var løytnant og sjef ved Elvenes Grensestasjon.[4] Etter fire dramatiske dagar trekte stridsvognene seg attende, og den norske beredskapen vart oppheva 11. juni.

I ettertidEndra

Forsvaret heldt alt offisielt materiale om hendinga og junidagane i 1968 løynd fram til desember 1999, men i 2017 skal mykje vera oversendt Riksarkivet.

ReferansarEndra

  1. «– Helvete, der røk det livet! Det er 50 år siden Harald Eide fra Åsane stirret inn i de sovjetiske kanonmunningene. Hendelsen ble fortiet.», Bergens Tidende (på bokmål), henta 21. oktober 2019 
  2. Tor Gisle Lorentzen. «Styrkedemonstrasjonen i 1968 - En studie av norske reaksjoner på sovjetisk trusseldiplomati» (PDF). Mastergradsoppgåve i historie. Institutt for historie og religionsvitenskap Fakultet for humaniora, samfunnsvitenskap og lærerutdanning Universitetet i Tromsø. 
  3. Welle, Einar (30. mai 2017), «Forsvaret begynner ved kjøkkenbordet», Aftenposten 
  4. Erlend Hein Lange; Beate Riiser (03.11.2008), «Ville skutt sovjeterne på grensen», NRK 

BakgrunnsstoffEndra