Den norsk-russiske grensa

statsgrense mellom Noreg og Russland

Den norsk-russiske grensa er riksgrensa mellom Noreg og Russland. Ho strekkjer seg 196 kilometer frå Treriksrøysa i Pasvikdalen, der Finland, Noreg og Russland møtest, til Grense Jakobselv. To tredelar av grensa går langs elvar og vassdrag, i hovudsak Pasvikelva og Jakobselva. Grenselanda Noreg og Russland har om lag 230 operative soldater kvar langs grensa. 396 grensemerke merkjer grensa. Av desse er det tre som markerar grensa utover i Barentshavet.

Noreg sine riksgrenser ██ Svenskegrensa██ Finskegrensa██ Russergrensa

På norsk side blir grenseavtalen følgd opp med grenseovervaking (Garnisonen i Sør-Varanger), grensekontroll (Østfinnmark politidistrikt) og Grensekommissariatet for den norsk-russiske grense. Dei held tilsyn med avtaleverket og har jamleg kontakt med russarane. Det er berre ein grensekontroll, og den er i Storskog.

Russland hadde 14 grensestasjoner langs grensa frem til 2006. I 2007 vart 7 av desse lagt ned. Myndigheitene i Noreg og Russland held seg til grensekonvensjonen av 1826. Den skal mellom anna sikre at begge har tilgang til grensevassdraga heile vegen.

I 2016 sette norske myndigheiter opp eit 200 meter langt ståltrådgjerde langs grensa ved Storskog.[1]

I 2016 vart det gjort ein avtale om at den russiske grensekontrollen ikkje tillét folk å krysse grensa hvis dei ikkje hadde rett visum til Noreg. Dette tyder at dei ikkje kan søke om asyl fordi dei aldri når Noreg. I tvilstilfelle har det norske grensepolitiet lov til å sjå pass medan eigaren må vente ved den russiske stasjonen.[2]

Kartet i 1826

Grenseoppgangar Endra

 
Den rosa fargen viser landområde som Noreg vart tildelt i 1826.
 
Storskog
 
Grensestolpe ved Grense Jakobselv

Grensa mellom Noreg og Russland vart gått opp og justert i 1826 og 1846.[3] I 1847 vart det inngått avtale om grenseoppgangar kvart 25. år, og det vart gjennomført slike i 1871 og 1896. Etter fyrste verdskrigen var det Finland og ikkje Russland som grensa til Noreg, og det vart gjennomført ein grenseoppgang mellom Noreg og Finland i 1925. Etter at Sovjetunionen vart norsk granne, vart det gjennomført ein grenseoppgang i 1947. I 1949 blei det underteikna ein overeinskomst om forskjellige forhold ved grensa, inkludert byggjing av vasskraftverk i Pasvikelva.[3] I 2009 blei det avtalt mellom Noreg og Russland å føreta ein ny grenseoppgang.[4] Òg den delen av grensa som går over land vart gått over og mælt på ny. Grenseoppgangen vart avslutta med ei markering i 2013.[5]

Den nye grensa trong ikkje å få anerkjenning av andre land enn Noreg og Russland. Utanriksdepartementet kom likevel med presiseringa at oppdraget er å «kontrollere at grensen går der vi har avtalt at den skal gå».

Sjå òg Endra

Kjelder Endra

  1. Uklokt at Norge bygger høyt gjerde mot Russland (NRK 2.9.2016)
  2. Storskog: Nye «sykkelasylsøkere» på vei?
  3. 3,0 3,1 Johanson.
  4. Noreg og Russland einige om ny grenseoppgång. Utenriksdepartementet (23. oktober 2009)
  5. Fyrste grenseoppgang mellom Noreg og Russland siden 1947[daud lenkje]. Nationen (22. oktober 2012)