Kongedømet Jerusalem

(Omdirigert frå Konge av Jerusalem)

Kongedømet Jerusalem var eit kortvarig kristent kongedøme som vart grunnlagt i 1099Jerusalem vart hærteke, under det fyrste krosstoget. Kongeriket vart grunnlagt i området kring Jerusalem i eit område som nokonlunde tilsvarar dagens Israel. Det bestod fram til 1291.

Kart over Levanten under krosstoga, kongedømet Jerusalem i sør.

Godfred av Boullion vart vald til den fyrste kongen, men han ville ikkje bera ei kongekrone der Jesus hadde bore ei tornekrone, så han tok i staden tittelen «Vernar av Den heilage grava». Då han døydde vart bror hans konge som Baldvin 1., og han vart krona til konge juledag. Mot slutten bestod kongeriket berre av nokre få byar på kysten, til dømes Akko, då var sjølve Jerusalem gått tapt.

Seinare har fleire fyrstehus gjort krav på tittelen, av di dei ikkje var samde om kven som var nærmaste arving til kongane av Jerusalem. Mellom anna gjer kong Juan Carlos I av Spania krav på tittlen konge av Jerusalem. Det italienske fyrstehuset Savoy har gjort krav på tittelen. Det same gjorde dogane av Venezia. I tillegg har det austerrikske fyrstehuset Habsburg gjort det same.