Kongedømet Portugal
Kongedømet Portugal var Portugal som monarki frå 1139 til 1910. Kongedømet låg vest på Den iberiske halvøya og vart erstatta av Den første portugisiske republikken etter det portugisiske kongenmordet i 1908 og 5. oktober-revolusjonen i 1910.
Reino de Portugal Kongedømet Portugal og Algarve | |||||
| |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Nasjonalsong O Hino da Carta (frå 1834) | |||||
Kongedømet Portugal i 1561 | |||||
Hovudstad | Coimbra, Lisboa¹ | ||||
Språk | portugisisk | ||||
Religion | Romersk-katolsk | ||||
Styreform | Monarki | ||||
Konge | |||||
- 1139-1185 | Afonso I | ||||
- 1908-1910 | Manuel II | ||||
Historie | |||||
- Oppretta | 26. juli 1139 | ||||
- Den spanske sjølvstendekrigen | 1808-1814 | ||||
- Brasiliansk overhøgd | 1815 | ||||
- Brasiliansk sjølvstende | 12. oktober 1822 | ||||
- Revolusjon | 1910 | ||||
Valuta | Portugisisk dinheiro (1139-1433) Portugisisk real (1433-1910) | ||||
¹ Hovudstaden flytta til Rio de Janeiro 1808-1815 og under det første dynastiet låg hovudstaden i Coimbra frå 1139 til 1255. |
Opphav og slutt
endre- For meir om dette emnet, sjå Portugisisk historie.
Det andre portugisiske grevskapet (1093-1139) var etterfølgjar etter Det første portugisiske grevskapet (868-1071), og vart ein kongedøme den 26. juli 1139 då Afonso I var erklært konge av Portugal.
I 1908 vart kong Karl av Portugal myrda i Lisboa. Det portugisiske monarkiet varte fram til 5. oktober 1910, då ein revolusjon styrta monarkiet og Portugal vart ein republikk. Dette førte til ein 16 år lang kamp for å oppretthalde parlamentarisk demokrati.
Det portugisiske imperiet
endre- For meir om dette emnet, sjå Det portugisiske imperiet.
Gjennom historia bygde Kongedømet Portugal det som vart kjend som Det portugisiske imperiet frå 1415. Dette viste tradisjonelt til dei store koloniane dei hadde. Den største var Brasil (oppretta i 1500 og vart eit sjølvstendig land i 1822). Resten av riket kom inn under Republikken Portugal fram til seint på 1900-talet, då dei siste oversjøiske territoriet til Portugal vart slepte fri (mellom andre Portugisisk Afrika, som inkluderte Angola og Mosambik, i 1975, og til slutt Macau i 1999).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kingdom of Portugal» frå Wikipedia på engelsk, den 19. april 2009.