Kongshavn videregående skole

Konghavn videregående skole er ein offentleg vidaregåande skule i bydel Gamle Oslo i Oslo. Han vart etablert i bygget til den gamle Sjømannsskolen i Ekebergskråninga, og opna offisielt 15. august 2013. Nordstrand vidaregåande skule med ca. 45 tilsette og utdanningstilbod for ca. 300 elevar vart relokalisert til denne nye skulen.

Kongshavn videregående skole
Kongshavn videregående skole 2014.jpg
KommuneOslo kommune

Kongshavn videregående skole
59°53′51″ N 10°45′38″ E

BakgrunnEndra

Skulen har eit breitt fagtilbod innan utdanningsprogram for studiespesialisering med særleg vekt på realfag og økonomiske fag. Frå 2015/2016 tilbyr skulen òg breiddeidrett som programfag. Entreprenørskap og føretaksutvikling er eit viktig satsingsområde for skulen. Skulen arrangerer òg kvart år ein stor, internasjonal gründercamp med deltaking frå Tyskland og Slovenia. På gründercampen får elevane relle oppdrag for reelle oppdragsgjevarar som EoN Ruhgas, Möllergruppa, Dell og Ekebergparken.

Kvart år deler skulen ut Ekebergparkens pris til ein elev som har utmerkt seg både fagleg og sosialt og som lever opp til verdiane til skulen; open, trygg, triveleg, ambisiøs, inkluderande og respekterande.

Skulen har vidareført prosjektet Vg2 i Berlin som vart etablert av Nordstrand vgs i 2008. Det er eit tilbod der elevar i Osloskulen kan ta heile Vg2 studiespesialisering ved eit gymnas i Berlin. Dei får støtte av ein norsk kontaktlærar som bur i Berlin heile året og norske «skuggelærarar» som følgjer opp elevane med besøk i Berlin 4-8 gonger i året. Elevane følgjer både norske og tyske læreplanar og får karakterar og har eksamen som om dei går på skule i Noreg. Per 2016 har meir enn 100 elevar gjennomført Vg2 i Berlin.

KongshavnrevyenEndra

Meir enn halvparten av elevane til skulen deltek i revyen som vert spelt i januar kvart år. Den første Kongshavnrevyen i 2013 fekk namnet Blanke Ark og i 2014 vart han følgd opp med revyen Studer, Prester, Regjer. I 2015/2016 fekk No står ikkje verda tel påske karakterane 5 og 6 i Aftenposten og Nordstrand Blad.

RektorarEndra

  • Jan Ljøner (2013-2016, frå Nordstrand vidaregåande skule, til Gamlebyen skule)
  • Knut Jørgen Kopperud (2016-)

KjelderEndra

  • Denne artikkelen bygger på «[[::Kongshavn videregående skole|Kongshavn videregående skole]]» frå , den 7. juli 2021.

BakgrunnsstoffEndra