Kontra-revolusjonær

Kontrarevolusjonær betyr 'mot-revolusjonær', og kan visa til personar og grupper som er imot ein revolusjon som har skjedd eller er under gjennomføring. Ein kontrarevolusjonær kan vera ein tilhengjar eller støttespelar for ein motrevolusjon eller kontrarevolusjon, men omgrepet kan også visa til det å vera opprørsk mot eit regime som er kome til makta gjennom eit opprør.[1]

Historisk sett er døme på verkeleg kontra-revolusjonære dei som ville gjenopprette det i prinsippet eineveldige monarkiet og makta til adelen og den katolske kyrkja etter den store revolusjonen i Frankrike frå 1789 og frametter, og dei som ville gjenopprette tsarstyret og godseigarmakta etter revolusjonane i 1917 i Russland. Men ekstremistar og maktmisbrukarar i revolusjonære situasjonar og i nye revolusjonære regime har og somtid hatt ein tendens til å kalle kontra-revolusjonære andre revolusjonære som ikkje ville gå like langt eller gå i ei noko anna retning enn dei sjølve.

Utreinskingr mot folk skulda for å vera kontrarevolusjonære var vanlege under den kinesiske kulturrevolusjonen. Seinare er sjølve kulturrevolusjonen blitt klassifisert som kontrarevolusjonær av det kinesiske kommunistpartiet.[2] Etter opprøret på Himmelfredplassen i 1989 blei mange opposisjonelle sikta for kontrarevolusjonær verksemd.[3] I 1991 blei den kinesiske dissidenten nobelprisvinnaren Liu Xiaobo dømd for «kontrarevolusjonær propaganda».[4]

Kjelder

endre
  1. «Kontrarevolusjonær» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 26. september 2015.
  2. «Kulturrevolusjonen» på Wikipedia på bokmål, henta 26. september 2016.
  3. Århundrets hvem hva hvor, Schibsted 1999. Sitert i «Kina etter Mao», fagbokforlaget.no.
  4. «Nobels fredspris til kinesisk dissident», DN.no