Tsar er den russiske forma for tittelen keisar, som kjem av namnet Cæsar. Cæsar var opphavleg eit eigennamn (på Julius Cæsar), men blei etter hans død også bruka som tittel av etterfølgjarane hans, ilag med ordet emperator. På somme språk, som tysk, russisk og dei skandinaviske språka er det variantar av caesar som er bruka som tittel for ein ekstra mektig konge (Kaiser, tsar, keisar), mens til dømes fransk og engelsk brukar variantar av emperator (empereur, emperor).

Tsar Ivan den skrekkelege måla i 1897.
Tsar Peter den store måla i 1838.

Tsarar styrte meir eller mindre eineveldig i Russland og andre område underlagde det russiske riket frå mellomalderen til mars 1917. Sidan da har Russland vore republikk.

Den siste tsaren, Nikolaj II av Russland, blei skoten av bolsjevikar i 1918, under den russiske borgarkrigen.

Sjå òg endre