Opna hovudmenyen

Liu Xiaobo (28. desember 195513. juli 2017) var ein kinesisk litteraturvitar og regimekritikar fødd i Changchun i Jilin-provinsen i Folkerepublikken Kina. Han blei tildelt Nobels fredspris i 2010 «for hans lange og ikke-voldelige kamp for sentrale menneskerettigheter i Kina».[1]

Liu Xiaobo
Liu Xiaobo.png
Fødd刘晓波 Liú Xiǎobō, IPA [ljōẃ ɕjàw b̥óː]
28. desember 1955
Changchun
Død13. juli 2017
Shenyang
NasjonalitetFolkerepublikken Kina
Yrkelyrikar, skribent, menneskerettsaktivist, litteraturkritikar
InstitusjonarColumbia University
University of Hawaii
Alma materJilinuniversitetet
Beijings pedagogiske universitet
Beijings pedagogiske universitet
Pekinguniversitetet
DoktorgradsrettleiarHuang Yaomian
Tong Qingbing
EktefelleLiu Xia
Protestar i Hongkong mot arrestasjonen av Liu Xiaobo etter at han hadde underteikna Charta 08.

YrkesbakgrunnEndra

Liu tok fil.kand.-graden i litteratur ved Jilinuniversitetet i 1982 og ein magistereksamen i litteratur ved Beijings pedagogiske universitet. Ved same universitetet tok Liu deretter doktorgraden i litteratur i 1988. Han var gjesteforskar ved fleire utanlandske institusjonar, mellom anna ved Austasiatisk Institutt ved Universitetet i Oslo (tre månadar), University of Hawaii og Columbia University.

Politisk aktivitetEndra

Liu var lenge kjend som ein frittalande kritikar av Kinas kommunistiske parti og han var aktiv i protestane på Den himmelske freds plass i 1989, noko som førte til fridomstap for to år samt til at han miste stillinga si ved Beijing pedagogiske universitet. På 1990-talet var han politisk aktiv i demokratirørsla, og blei av og til arrestert av politiet for aktivitetane sine.

I desember 2008 underteikna han eit politisk manifest for meir demokrati i Kina, Charta 08, i lag med eit hundretal andre intellektuelle. Kort tid etterpå blei han arrestert. Den 25. desember 2009 blei han dømd til 11 års fengsel,[2] og sat fengsla i Jinzhou-fengselet i Liaoning-provinsen nordaust i Kina.[3]

Nobels fredspris for 2010Endra

 
Frå tildelinga av fredsrpisen. Fråveret til Liu var markert med ein tom stol.

Liu Xiaobo fekk i 2010 Nobels fredspris.[4] Mellom dei som nominerte han til fredsprisen var Václav Havel, den amerikanske PEN-klubben, ei gruppe amerikanske kongressmedlemer og stortingsrepresentant Jan Tore Sanner.[3]

DødEndra

I mai 2017 blei han diagnostisert med framskriden leverkreft. Dei kinesiskes styresmaktene nekta å frigje han for eventuell behandling utanlands.[5] Han blei halden under overvaking ved eit sjukehus i Shenyang, og døydde få veker seinare.[6]

Liu Xia, kona til Liu, blei sett i husarrest etter nobelpristildelinga. Ho blei sett fri etter åtte år, eit år etter at mannen døydde,i juli 2018.[7]

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra