Kontraterror er tiltak, framgangsmåtar og strategiar som styresmakter, militære styrkar og andre grupper tek i bruk for å kjempa mot det dei meiner er terrorisme[1].

Antiterrorstyrke

Omgrepa kontraterrorisme og antiterrorisme vert ofte brukt om kvarandre. I prinsippet er det likevel ein skilnad:

  • Kontraterror er ulike førebyggjande tiltak for å forhindra terror, til dømes gjennom etterretning og ulike tiltak med å stoppa handlingar, til dømes gjennom etterforsking og rettsforfølging. I Noreg er ansvaret for kontraterror tillagt Politiets tryggingsteneste.
  • Antiterror er offensive tiltak med maktbruk for å forhindra terroranslag. I Noreg er ansvaret for dette lagt til politiet. Innan politiet er det ein eigen nasjonal antiterrorstyrke under Oslo politidistrikt namngjeve som Beredskapstroppen som har eit særleg ansvar. I kvart politidistrikt er det òg eigne utrykningseiningar (UEH) som kan verta disponert til antiterrorteneste. Forsvaret kan hjelpe politiet med særskilde ressursar, til dømes gjennom Forsvaret og spesialkommandoen[2].

Referansar endre

  1. «Introduction to Foreign Internal Defense» (PDF). Curtis E. Lemay Center for Doctrine Development and Education. Arkivert frå originalen (PDF) 24. januar 2017. Henta 30. desember 2017. 
  2. «Preventive Counter-Terrorism Measures and Non-Discrimination in the European Union: The Need for Systematic Evaluation». The International Centre for Counter-Terrorism - The Hague (ICCT). 2 July 2011. Henta 6 September 2016.