Konvensjonsgarden
bygninga der Mossekonvensjonen blei underteikna i 1814
(Omdirigert frå Konventionsgaarden)
59°26′22″N 10°40′10″E / 59.43944°N 10.66944°E
Konvensjonsgarden eller Konvensjonsgården er den gamle administrasjonsbygningen til Moss Jernverk i Moss. I 1814 var bygningen hovudkvarter for den norske regjeringa under krigen med Sverige og Mossekonvensjonen blei forhandla og underteikna her.
Kristian Fredrik budde på verket frå 21. juli og hadde bygningen som si base til han reiste herfrå og til Bygdøy 17. august.[1]
Den eldste delen av bygningen er frå rundt 1770 da Erik Anker var eigar.[2]
I 1995 vart ei statue av Kristian Fredrik avduka ved bygget.[3]
Konvensjonsgarden er saman med Mossefossen tusenårsstaden til Moss.[4]
Bygninga er freda og er eit kulturminne.
Referansar
endre- ↑ Lauritz Opstad, Moss Jernverk, M. Peterson & søn, Moss, 1950, side 226–234
- ↑ Ola Øgar Svendsen: Gamle hus i Østfold, Cappelen forlag 1980, side 113 digital utgåve
- ↑ Om Konvensjonsgården[daud lenkje] frå Kulturnett Østfold
- ↑ Moss by- og industrimuseum
Bakgrunnsstoff
endre- Konvensjonsgarden i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren