Koppen Point
Koppen Point er eit nes på nordaustsida av innløpet til Moltke Harbor i Royal Bay i Sør-Georgia. Namnet Koppenberg vart opphavleg gjeven av ei tysk gruppe av Det internasjonale polaråret, 1882–83, til ein liten ås lenger inn i bukta, kring 900 meter aust for den tyske basen. Det vart kalla opp etter professor Wladimir Köppen (1846–1940), ein kjend meteorolog og klimatolog, som tilrådde å opprette eit observatorium nær basen. South Georgia Survey, 1951–52, rapporterte at åsen er for liten og for lite viktig til å få eit namn, men at neset i nærleiken ikkje hadde namn enno. For å oppretthalde namnet i området, vart det derfor flytta frå åsen til bukta.
Koppen Point | |||
nes | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Stad | Sør-Georgia | ||
- koordinatar | 54°30′S 36°2′W / 54.500°S 36.033°W | ||
Koppen Point 54°30′00″S 36°02′00″W / 54.5°S 36.0333°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Koppen Point» (innhald frå Geographic Names Information System).