Wladimir Peter Köppen (25. september 184622. juni 1940) var ein russiskfødd geograf, meteorolog, klimatolog og botanikar. Etter studiane sine i St. Petersburg, der han vart fødd, studerte han i Heidelberg og Leipzig, og levde og arbeida det meste av livet sitt i Tyskland og Austerrike. Det viktigaste arbeidet han gjorde var å utvikle klassifiseringsystemet for klima, som framleis vert nytta i dag, med visse omformingar.

Wladimir Köppen

Føddrussisk Владимир Петрович Кёппен
25. september 1846
St. Petersburg
Død22. juni 1940
Graz
NasjonalitetDet russiske imperiet, Det tyske keisardømet, Første østerrikske republikk, Det tyske riket, Forbundsstaten Østerrike
Områdegeografi, meteorologi, klimatologi
Yrkegeograf, esperantist, geoviter, meteorolog, botanikar, klimaforsker
InstitusjonarDeutsche Seewarte
A.I. Vojejkov geofysisk hovedobservatorium
Alma materStatsuniversitetet i St. Petersburg
Universitetet i Leipzig
Universitetet i Heidelberg
BarnElse Köppen
MedlemDeutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Russian Geographical Society

Frå 1879 var han leiar av den meteorologiske avdelinga ved Deutsche Seewarte i Hamburg.

I tillegg til klassifiseringssystemet konstruerte han mellom anna drakar til å utføre meteorologiske observasjonar i høge luftlag, noko som fekk tyding for utviklinga av aerologien. Vidare utarbeidde han vindkart for verdshav, som i tillegg til at dei var viktige for skipsfarten, var viktige bidrag til forståinga av den atmosfæriske sirkulasjonen. Köppen var ei drivande kraft i arbeidet med å legge grunnlaget for den meteorologiske sikringstenesta for luftfarten over hava.

Av utgjevingar innan klimaarbeida hans finn ein Klassifikation der Klimate der Erde (1923), Die Klimate der geologischen Vorzeit (1924), saman med A. Wegener Grundriss der Klimakunde (1931) og i saman med R. Geiger Handbuch der Klimatologie i fem bind (1930).

Köppen nedla òg eit stort arbeid for utbygging av eit internasjonalt meteorologisk samarbeid.

Kjelder endre