Koppskatt (tysk Kopf, hovud), på norsk hovdeskatt, var i historisk tid ein personskatt som vart innkravd ofte med same beløpet per skattepliktig hovud, uavhengig av økonomisk betalingsevne. Koppskatten var mykje utbreidd i mellomalderen, men er no med unnatak av Storbritannia longe gått ut av bruk i vestlege land. Han var mellom anna nytta i Noreg i 1891 som politisk verkemiddel for utviding av røysteretten, som då var knytt til eit census-system.

I Noreg vart koppskatt innkravd som ein «eingongsskatt» fleire gongar i 1680- og 1690-åra. Frå 23. september 1762 til 14. november 1772 vart det innkravt årleg koppskatt av alle, militære unnatekne. Frå 1773 til 1782 vart koppskatten «frivillig», kvar person skulle betale «etter evne».

I Storbritannia vart ein koppskatt, Community Charge, innført i 1989 (Skottland) og 1990 (England og Wales). Dette førte til kraftige reaksjonar, og utløyste koppskattopptøyar. Det var planar om å innføre han i Nord-Irland òg, men på grunn av opptøyane valde dei å ikkje gjere det. Frå 1993 vart han erstatta av Council tax, som jamvel om han er tufta på eit koppskattliknande prinsipp, i langt større grad tek omsyn til skilnader i inntekt og formue.

Sjå òg endre