Koptisk
Klassifisering: Afroasiatisk
 Egyptisk
  Koptisk
Bruk
Skriftsystem: Det koptiske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-2: cop
ISO 639-3: cop

Koptisk er det siste steget i egyptisk språkutvikling og er i slekt med språket egyptarane nytta i oldtida. Språket er i dag klassifisert som eit dødt språk og har ingen morsmålsbrukarar. I dag talar og skriv egyptarane arabisk-egyptisk som er heilt ulikt koptisk. Koptisk er likevel framleis nytta som eit liturgisk språk, det vil seie i religiøse samanhengar. Det koptiske språket har same posisjon i den koptiske kyrkja som latin har i den katolske. Alfabetet dei nyttar vert kalla det koptiske alfabet og er basert på det greske. Dette språket er klassifisert som eit afroasiatisk språk. Namnet «koptisk» kjem frå det arabiske ordet qupt som igjen stammar frå det greske Aigyptos.

Koptisk manuskript frå 700-talet

Historie endre

Det koptiske språket stammar frå det gamle egyptiske språket som var skrive med blant anna hieroglyfer. Dette forandra seg då kristendommen kom til Egypt grunna hellenistisk kulturpåverknad (det ptolemeiske riket) i tida etter Aleksander den store. Det egyptiske språket mista på den tida prestisja si og dei danna i Egypt byrja å nytte gresk. Ikkje ein gong herskarane av Egypt lærte seg språket, med unntak av Kleopatra. Det egyptiske språket vart fortsatt mest brukt av folket i Egypt og på denne tida var det klassifisert som sein-egyptisk eller demotisk. Spreiinga av kristendommen gjorde slik at hieroglyfane over tid kom ut av bruk og vart gløymt. Sidan mesteparten av befolkninga framleis tala egyptisk og ikkje gresk oppstod det eit naturleg behov for eit alfabet. Men det var nok også fordi kyrkja ønska å spreie læra til dei som ikkje kunne gresk. Hieroglyfeskrifta passa dårleg til denne religiøse oppgåva. Det egyptiske språket adopterte no det greske alfabetet. Men det måtte tilpassast for å romme alle lydane i språket, og her tok dei i bruk sju teikn frå den demotiske skrifta. No kunne dei greske kristne og den gresktalande administrasjonen av Egypt spreie kristendommen til befolkninga, og det er nettopp dette seinegyptiske språket skrive med det eit tilpassa gresk alfabet som er koptisk.

På 600-talet e.Kr. vart Egypt erobra av arabarane i den islamske ekspansjonen. Frå då av vart arabisk det offisielle språket i Egypt og er det framleis. Dette er ikkje eit uvanleg trekk i land som vart erobra i ekspansjonen. Det var religiøse motiv bak den og arabisk var det einaste språket som vart brukt til å studere og resitere dei muslimske tekstane. No var arabisk dei lærde sitt språk, og ikkje gresk. Gradvis forsvann koptisk som talespråk men det heldt fram å vere ein del av den koptiske kyrkja. Ein veit ikkje heilt nøyaktig når det koptiske språket døydde ut. Det er vanleg å foreslå at det skjedde på 1500- eller 1600-talet.

Dialektar endre

Det koptiske språket kunne delast inn i fem hovuddialektar: - Sahidisk - Bohairisk - Fayyumisk - Akhminisk - Subakhmimisk, (Ei sjette dialekt har vore foreslått og vert kalla «oxyrhynkinsk»). I byrjinga var sahidisk den dominerande dialekten, men utover mellomalderen tok bohairsk over som ein slags offisiell versjon av språket. Det er bohairsk som i dag er nytta i den koptiske kyrkja.

Uttale endre

I likskap med så mange andre døde språk kan vi ikkje vite nøyaktig korleis uttalen var. Truleg gjekk ein del av den originale uttalen tapt i transaksjonen frå hieroglyfane til det koptiske alfabetet.