Korana er ei elv sentralt i Kroatia med ei lengd på 144 km. Ho har sitt utspring i austlege delar av Lika, og dannar dei verdskjende Plitvicesjøane, som er på UNESCO si verdsarvliste. Ho er så vidt innom grensa til Bosnia-Hercegovina eit par kilometer og renn så nordover der ho til slutt munnar ut i Kupa ved Karlovac.

Korana
elv
Korana canyon at Slunj, Croatia.JPG
Koranajuvet ved Slunj
Land Flag of Croatia.svg Kroatia
Renn gjennom Karlovac
Lengd 144 km
Kjelde Aust i Lika
Munning Kupa

Korana
45°30′0″ N 15°34′30″ E
Wikimedia Commons: Korana

Bergarten i karstområdet som elva renn gjennom består av kalkstein. Under visse fysiske og kjemiske forhold dannar elva heile tida nytt jordsmonn frå planter. Sjå Plitvicesjøane).