Kupa
Kupa (slovensk Kolpa) er ei elv i Kroatia og langs grensa til Slovenia. Ho har sitt utspring i fjellområdet Gorski kotar, nordaust for Rijeka, i Risnjak nasjonalpark. Ho renn nokre kilometer austover, og mottek den litle elva Čabranka frå venstre, før ho når grensa til Slovenia.
Kupa | |||
elv | |||
Kupa ved Prelesje
| |||
Land | Kroatia, Slovenia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 10 032 km² | ||
Lengd | 296 km | ||
Middelvassføring | 283 m³/s | ||
Kjelde | Razloge i Gorski kotar i Kroatia | ||
• høgd | 313 moh. | ||
Munning | Sava ved Sisak i Slovenia | ||
Kupa 45°29′27″N 14°41′22″E / 45.4908°N 14.6894°E | |||
Wikimedia Commons: Kupa |
Ho held fram vidare austover, og får elva Lahinja frå venstre, passerer Vrbovsko, og renn så bort frå den slovenske grensa. Ho når så fram til byen Karlovac, der ho mottar to elvar frå høgre, Dobra og Korana. Kupa renn vidare austover og renn i hop med Glina frå høgre i tillegg til Odra frå venstre. Ved byen Sisak munnar ho ut i elva Sava.