Kostroma (russisk Кострома́) er ei elv i Kostroma og Jaroslavl oblast i Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 354 km lang og har eit nedslagsfelt på 16 000 km². Elva har ei middelvassføring på 71 m³/s.

Kostroma
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 16 000 km²
Lengd 354 km
Middelvassføring 71 /s
Munning Gorkij-reservoaret i Volga
Kart
Kostromaelva
57°46′44″N 40°53′55″E / 57.778888888889°N 40.898611111111°E / 57.778888888889; 40.898611111111
Wikimedia Commons: Kostroma River

Elva munnar ut i Volga via Gorkij-reservoaret. Tidlegare munna elva ut i Volga ved byen Kostroma og Ipatevskij kloster.

Dei største sideelvane hennar er Votsja, Mezenda, Vjoksa, Tebza og Sjatsja får venstre, og Sjugoma, Svetlitsa, Lamsa, Selma, Monza og Obnora frå høgre. Før Gorkij-reservoaret vart bygd var òg Sot og Meza sideelvar, men desse renn no ut i reservoaret.

Ved elva ligg byane Soligalitsj og Buj.

Kostroma spring ut i nærleiken av landsbyen Knjazjevo. Den øvre delen er smal og svingete, men ho tar raskt imot mange sideelvar og vert etter kvart 30-40 meter brei. Breiddene av elva er stort sett skogkledde.

Dei siste 50 kilometrane av elva dannar Kostroma grensa mellom Jaroslavl og Kostroma oblast.

Kjelder endre