Kosva (russisk Косьва) er ei elv i Perm kraj og Sverdlovsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Kama frå venstre i nedslagsfeltet til Volga. Elva er 283 km lang og har eit nedslagsfelt på 6300 km². Elva har eit fall på totalt 387 meter.

Kosva
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 6 300 km²
Lengd 283 km
Kjelde Sverdlovsk oblast
Munning Kama
Kart
Kosva
59°27′02″N 58°58′02″E / 59.450555555556°N 58.967222222222°E / 59.450555555556; 58.967222222222
Wikimedia Commons: Kosva River

Elva spring ut frå vestlege område av Sverdlovsk oblast der elvane Vesle (Maloj Kosvy) og Store Kosva (Bolsjoj Kosvy) renn saman. Ho renn vestover og munnar ut i Kamareservoaret. Kosva er ei fjellelv med mange fossefall og stryk. Av desse er dei 6 km lange Tulymskij-falla. I midtre delar av elva ligg Sjirokovskaja vasskraftverk og eit reservoar på 41 km². Ved elva ligg byen Gubakha. Breiddene av elva er skogkledde, bratte og steinete.

Dei største sideelvane hennar er Kirja, Bolsjoja Olsjanaka og Vilva frå venstre, og Tylaj, Typyl og Njar frå høgre.

Kjelder endre