Koto

japansk strengeinstrument

Koto (kanji 筝) er eit tradisjonelt japansk musikkinstrument, ein langsiter med 13-strengar. Strenginstrumentet kom til Japan frå Kina på 700-talet, opphavleg som del av hoffmusikken gagaku. Gjennom mange hundreår utvikla det seg ei særeigen musikktradisjon for instrumentet, kotomusikken (sokyoku 筝曲), uavhengig frå orkesteret gagaku. Den klassiske kotomusikken i dag går attende til 1600-talet. Det finst også eit stort utval nyskapande samtidsmusikk for koto i dag. Koto er i slekt med andre austasiatiske langsiterar, som kinesisk guzheng, koreansk kayagum/gayageum og den vietnamesiske langsiteren đan trành.

Koto

Klassifiseringklimpreinstrument, røyrsiter, tradisjonelt japansk musikkinstrument
Hornbostel-Sachs klassifisering312.22-6

Instrumentet er vanlegvis laga av trevirke frå laget av keisartre (Paulownia tometosa), og er om lag 190 cm langt.[1] Det er utforma som ein boga langsiter med 13 strengar som går over 13 flyttbare stolar. Ulike skalaer kan stemmast ved å flytte på stolane. Strengene er tradisjonelt av silke, og er vanlegvis stemt i ein femtoneskala.[1]

Tradisjonelt klimprar ein strengane med fingerplektrar på høgre tommel, peikefinger og langfinger. Halv- og heiltonar over strengetonen og vibrato får ein fram ved å presse strengen ned med venstre hand, på venstre sida av stolen.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Aksdal, Bjørn (22. november 2022). «koto – musikk». Store norske leksikon (på norsk). 

Bakgrunnsstoff endre