Koordinatar: 6°54′N 79°53′E

Sri Jayewardanapura Kotte (singalesisk ශ්‍රී ජයවර්ධනපුර කෝට්ටේ , tamil ஸ்ரீ ஜயவர்த்தனபுரம் கோட்டே), vanlegvis kalla berre Kotte, er den lovgjevande hovudstaden på Sri Lanka. Byen ligg om lag 8 km sør for Colombo, som er den administrative hovudstaden. Han har 117 600 innbyggjarar (estimat frå 2004).

Kotte
by
Fountain at Diyatha Uyana.JPG
Land Flag of Sri Lanka.svg Sri Lanka
Kart
Kotte
6°54′0″ N 79°54′59″ E
Wikimedia Commons: Sri Jayawardenepura Kotte

Namnet «Kotte» (tamilsk kōṭṭai) tyder «festning». Byen var opphavleg ei borg, grunnlagd på 1200-talet av Nissanka Alagakkonara, ein tamilsk herskar, for å motstå innrykkingar frå Jaffna-kongedømet. Borga var bygd på eit myrlendt område og vart forsterka med ringmurar og ei djup vollgrav. Desse gjorde byen lett å forsvara, og han vart hovudstaden til dei singalesiske kongane av Kotte-riket i 1400-talet. På den tida fekk byen namnet «Sri Jayewardanapura Kotte», som tyder «Borga i den heilage siger-sterkande byen.»

Byen var hovudstaden åt Kotte-riket opp til slutten av 1500-talet. Han kom under portugisisk makt i 1565 då riket vart eit lydrike under Portugal. Etter at den siste kongen av Kotte-riket, Don Juan Dharmapala, døydde i 1597 fekk Portugal under Malvana-avtalen overhøgd over byen Kotte og resten av Kotte-riket. Portugisarane flytta hovudstaden sin til Colombo etter fleire åtak på Kotte. I utfall vart Kotte mindre viktig medan Colombo voks, og over dei neste hundreåra vart han til ein forstad åt Colombo sjølv om han enno hadde bystatus.

I 1979 avgjorde det srilankesiske parlamentet å flytta setet sitt åt Kotte. Avgjerda var både symbolsk og praktisk: parlamentet turvte ein større bygning, og det var vanskeleg å finna nok plass i Colombo. Den nye parlamentsbygningen vart innvigd 29. april 1982. Staten har planlagd å flytta andre departement dit over dei neste åra.

KjelderEndra